'; Maria Folkedal | Christmas cCHALLENGE
Jobbar som norsklærar i vidaregåande skule. Ser fram til å utfordre meg sjølv i gjennomføringa av denne cchallengen! Håpar at endring av ein vane kan bidra til forbetring av fleire vanar i 2019!
My challenge
30 dagar med yoga

Day 23: Frå joleheftet til Ren poesi 🎄

Day 17: Mandagsyoga!

No har eg hatt nokre dagar der eg ikkje har vore ein flink cchallenge-deltakar. Har vore mykje jobb, seine kveldar og så har eg besøk som bur hjå meg. Unnskyldningar. Eg merkar at viss eg skal få til å gjere yoga må eg ha rommet for meg sjølv. Litt aleinetid.

I dag kom eg igang med yogaen igjen, og det var deilig. Eg må seie at det å sette av tid heilt for seg sjølv til å roa ned, trene litt, er veldig fint. Det er så utruleg sunt å stoppe litt opp i augneblinken og ta pause frå verda utanfor. Ein slik pause trur eg dei fleste av oss treng, for det er verkeleg fort at dagane berre susar forbi utan at me tek oss tid til å stoppe opp.

På jobb arbeider me med eit klima- og miljøprosjekt med vg1-kullet, og eg har brukt dagen til å diskutere kva me som einskildmenneske kan gjere for å gjere for å gjere verda litt grønare. Det som overraskar (og uroar) meg litt når eg snakkar med dei, er kor mange av dei som er så utruleg avvisande til at til dømes klimaendringane er reelle, trass i at dei tilhøyrer ein generasjon som har vakse opp med all forsking og kunnskap om emnet. Nokre snakka til meg om at dei ikkje ser poenget i å tilpassa eigne vanar, fordi framtida er langt der framme og dei uansett ikkje kan gjere noko. Eg trur mange av dei kanskje er litt for slukte inn i alt verda byr dei av klede, teknologi og ting, til at dei heilt klarar å ta den pausen og tenke litt etter. Kva treng me eigentleg av ting? Kva er viktigast i liva våre? Håpar prosjektveka kan bidra bittelitt i riktig retning! 

Maria 

Day 10: Å komme over kneiken…

…er vanskeleg! Hadde mitt fyrste nederlag no i helga. Då fekk eg ikkje gjort yogaøkta mi. Det har vidare betydd at det er endå litt meir utfordrande å ta seg saman for å hente motivasjonen på kveldane etter jobb. Kva kan me konkludere ut frå dette? Jo, endring er vanskeleg, og ein må heile tida ha i bakhovudet kvifor ein jobbar med det. Yoga i 20 minutt kvar dag tek tid å innarbeide. Korleis er det då med alle dei småvanane som må endrast for å leve grønare? Men eg trur faktisk at om ein kan bevise for seg sjølv at ein klarar å endre seg på eitt område, vil det også bli lettare å ta tak i livet sitt på andre område! Det gjeld å bestemme seg og ta ein dag om gongen! 

Day 5: Det gjekk!

Day 5: Sånn kjennest tanken på å gjere yoga no:

Lange dagar på jobb no i innspurten. Masse å gjere. «30 days of yoga: Day 5» ventar! Det blir jo sikkert litt deilig og? 

Day 3: Cchallenge i kvardagen?

Å gjennomføre yoga-cchallenge i helga er så deilig og berre ei fryd. I dag kom kvardagen, og då kom sjølve utfordringa. Eg hadde i utgangspunktet tenkt, svært så idealistisk, at eg ville gjennomføre yoga-økta mi kvar morgon, men då klokka ringte 05.45 i dag tidleg gjekk det opp for meg at det var eit vel optimistisk mål å sette seg for nokon med såpass travel timeplan og lite treningsdisiplin som meg. Den vekkarklokka vart utsett ein halv time. No kom eg nettopp heim frå ein lang arbeidsdag, og det er rimeleg utfordrande å skulle sette igang med 30 min yoga kl 21.30. MEN GJETT OM DET ER AKKURAT DET EG SKAL! Konklusjonen er at endring av vanar er vanskeleg – særleg i ein kvardag full av unnskyldningar om lite tid og store arbeidsmengder! Klarar eg å gjennomføre heile arbeidsveka? Lat oss sjå…

Day 1: Så var eg igang!

Det har vore ein så fin fyrste desember! Akkurat i dag kjennest det som at denne cchallengen er ein slags jolekalender, så me får håpe at det blir stemninga framover òg. Fyrste luke i kalendaren var «30 days of yoga: Day one». Har to hovudtankar etter vel gjennomført fyrste økt: 1. Dette har eg SÅ godt av (snakk om stiv, anspent og ufokusert kropp!) og, 2. Må skaffe meg ei matte til å gjere yoga på. Golvteppet i stova er noko hardt! 

Omtrent i det sekundet eg var ferdig, ringte det på døra og eg fekk frukostgjester – og dei fyrste ringverknadene i denne cchallengen: Eg, søstera mi og ei venninne snakka lenge om endring av vanar og cchallenge rundt frukostbordet. No har dei lova at dei skal bli med på yoga-utfordringa i nokre desemberdagar dei og! 

Ser fram til ny yoga-økt i morgon tidleg før eg tar fatt på dei skyhøge rettebunkane mine! 

God fyrste desember!

Maria